Tuesday, December 16, 2008


Angst, skal visstnok bety trang. Latin: angustus stammar frå verbet angere og tydar då å påføre smerte ved å presse saman, eller kvele. Vil du utfylle Kapten M?

Monday, February 11, 2008

Kolera

Meir juicy news fra Tonje! 'Kolera' tyder takrenne, og heiter nettopp det fordi eitt av symptoma er kraftig diaré!

Thursday, February 7, 2008

Balle



Både 'orkidé' og 'avocado' tyder eigentleg testikkel. 'Orkidé' kjem av det greske ordet for testikkel, nemleg orchis. Det er visstnok rota til orkidéen som har gitt opphav til namnet, då den liknar mistenkeleg på ei balle, nøtt, kronjuvel, pungstein, eller julekjeks om du vil. 'Avocado' stammar frå det spanske ordet aguacate, som igjen kjem av det aztekiske balleordet ahuacatl. Ei stor takk sendast med luftpost til Tonje, som tipsa om denne spenstige saka.

Saturday, January 26, 2008

Sabotasje



Sabotasje kjem av det franske ordet 'sabot', som betyr tresko; arbeidarane kasta tresko i maskinene for å stoppe dei. Så vet vi det.

Saturday, October 27, 2007

Fornix



Fornix er ein bogeforma del av det limbiske system i hjernen, involvert i mellom anna minne og emosjonar. Ordet 'fornix' kjem av det latinske ordet for boge, og har gitt opphav til det engelske ordet 'fornicate', som betyr å pule. Dette kjem av at bordell i
Romerriket ofte heldt til i rom med boga tak. Fiffig!

Thursday, April 12, 2007

-----------------------------Tyst--------------------------



Tyst - det seier morfar når det er nyheter på TV. Det betyr altså at det skal vere stille. Tyst som i graven tildømes. Ordet tyst kan muligens stamme frå det gammalnorske orde tvistr som tydar trist eller sørgmodig. Då blir ein jo ofte stille.

Ein tystar er derimot ikkje tyst, men ein som angir nokon andre. Mr. Lomheim meinar at dette kjem av at før ein tystar på nokon seier ein -Tyst! Høyr etter, eg har noko å fortelje!

jejeje. Mr.arafat seier eg.

Wednesday, April 11, 2007

Sabb

Ein sabb er ein uordentlig og sjuskete mann, ein lat-sabb skyr i tillegg anstrengelsar og arbeid. Dersom det er ei sjuskete kvinne heiter det ei sabbe eller sabba.
Men sabba er også eit dialektord ein brukar når noko er bra her i Hordaland. -Den er sabba god. Og etter det min gamle bestefar har fortald meg, er det derfor dei gamle båtmotorane som blei produsert her i bergensområdet heite Sabb. Altså fordi dei var sabba gode.

Det svenska SAAB har ingentin med dette å gjere, sjølv om vi uttalar det likt (noko som er feil etter uttalereglane). SAAB står for Svenska Aeroplan AktieBolaget. Aktiebolaget tilsvarar det norske AksjeSelskap (AS).

Så vet vi det.