Thursday, April 12, 2007

-----------------------------Tyst--------------------------



Tyst - det seier morfar når det er nyheter på TV. Det betyr altså at det skal vere stille. Tyst som i graven tildømes. Ordet tyst kan muligens stamme frå det gammalnorske orde tvistr som tydar trist eller sørgmodig. Då blir ein jo ofte stille.

Ein tystar er derimot ikkje tyst, men ein som angir nokon andre. Mr. Lomheim meinar at dette kjem av at før ein tystar på nokon seier ein -Tyst! Høyr etter, eg har noko å fortelje!

jejeje. Mr.arafat seier eg.

Wednesday, April 11, 2007

Sabb

Ein sabb er ein uordentlig og sjuskete mann, ein lat-sabb skyr i tillegg anstrengelsar og arbeid. Dersom det er ei sjuskete kvinne heiter det ei sabbe eller sabba.
Men sabba er også eit dialektord ein brukar når noko er bra her i Hordaland. -Den er sabba god. Og etter det min gamle bestefar har fortald meg, er det derfor dei gamle båtmotorane som blei produsert her i bergensområdet heite Sabb. Altså fordi dei var sabba gode.

Det svenska SAAB har ingentin med dette å gjere, sjølv om vi uttalar det likt (noko som er feil etter uttalereglane). SAAB står for Svenska Aeroplan AktieBolaget. Aktiebolaget tilsvarar det norske AksjeSelskap (AS).

Så vet vi det.

Tuesday, April 10, 2007

Postei (til Jakopp)

Postei kjem faktisk av det latinske pasta, og betyr deig eller masse.
Det er kommen inn i det norske språket via fransk og tysk. Men altså grunnen til at eg skriv det her mest til Jakopp er at på norsk tyder det også:
Bakverk av tertedeig/butterdei fyllt med stuing av kjøtt, fisk, grønnsake og sånne ting. (Høre eg IMMODIUM!! i det fjerne?)



legge like godt ved ei oppskrift på desse herlighetane:
(desse er også fritert berre for å gjere det endå betre)
Ingredienser:

Deig:

250 g finmalt hvetemel
1 ts salt
1 ts garam masala
½ ts kværnet sort pepper
1 knivsodd gurkemeie
2 ss olje
litt varmt vann

Fyll:
2 ss olje
300 g oksekjøtt i tynne strimler
2 fedd hvitløk
1 ts finhakket ingefær
1 løk i terninger
2 ts garam masala
1 finhakket rød chili
½ ts chili pulver
½ ts gurkemeie
½ ts salt
2 ss finhakket frisk koriander
sitron
olje til fritering

Fremgangsmåte:
Deig:
Bland alt det tørre, lag en liten grop i midten av bollen og hell i oljen. Tilsett vannet litt etter litt under omrøring. Kna det sammen til en fast deig. La deigen hvile i ca 20 minutter.

Fyll:
Brun kjøttet i panne med oljen, og tilsett de friske krydderne. Tilsett så de tørkede og bland godt. Smak til med salt, pepper og litt sitron. Kjevl ut deigen og stikk ut passe emner. Legg på fyllet og brett til fine posteier. Stek gylne i frityr. Server gjerne med en yoghurt dip eller sweet chili.

Berre hyggelig!

Saturday, April 7, 2007

Opphav til ulike firmanavn


Sjå berre her på denne lange lista over namn (fysst og fremst americanos). Alle kjenner jo til iskremen i USA: Häagen-Dazs — contrary to common belief the name is not European: it is simply two made-up words meant to look European to American eyes. This is known in the marketing industry as foreign branding. Contrary til kva? Vi nordmenna veit då betre, eg lurar på uttalen. Gjer du? Den får du her.