Ein sabb er ein uordentlig og sjuskete mann, ein lat-sabb skyr i tillegg anstrengelsar og arbeid. Dersom det er ei sjuskete kvinne heiter det ei sabbe eller sabba.
Men sabba er også eit dialektord ein brukar når noko er bra her i Hordaland. -Den er sabba god. Og etter det min gamle bestefar har fortald meg, er det derfor dei gamle båtmotorane som blei produsert her i bergensområdet heite Sabb. Altså fordi dei var sabba gode.
Det svenska SAAB har ingentin med dette å gjere, sjølv om vi uttalar det likt (noko som er feil etter uttalereglane). SAAB står for Svenska Aeroplan AktieBolaget. Aktiebolaget tilsvarar det norske AksjeSelskap (AS).
Så vet vi det.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Eit lite tillegg: adjektivet 'sabba' kan minne om det kanskje meir vidkjende 'sabla', som kan brukast som variasjon til ord som 'pokkers' og 'fordømt'. Etymologisk kjem sabla frå ei omdanning av satan(s).
Satan igjen, stammar opprinneleg frå hebraisk og betyr motstander. For wiki-liste over satans mange namn, trykk her.
Post a Comment