Thursday, February 7, 2008

Balle



Både 'orkidé' og 'avocado' tyder eigentleg testikkel. 'Orkidé' kjem av det greske ordet for testikkel, nemleg orchis. Det er visstnok rota til orkidéen som har gitt opphav til namnet, då den liknar mistenkeleg på ei balle, nøtt, kronjuvel, pungstein, eller julekjeks om du vil. 'Avocado' stammar frå det spanske ordet aguacate, som igjen kjem av det aztekiske balleordet ahuacatl. Ei stor takk sendast med luftpost til Tonje, som tipsa om denne spenstige saka.

3 comments:

G said...

Bjølla, sikringsboksen, påssan, sekkjen. Finfint.

jacop said...

mja, då e vi med ein gang over på synonym for 'pung', og det blir jo ei heeeeilt anna sak!

G said...

Njo, njo! No er det nok synonym, eller homynym, eller hynonym. Men det va no berre for å seie noko. Kva skal ein liksom sei? Når eg får internett (les: når folk sluttar å seie psykriatisk/når mordaren av Olof Palme blir avslørt/når folk sluttar å prikke på andre sine kommentarar) så skal eg slenge opp både eit og anna etymete!